My Left Foot: The Story of Christy Brown

My Left Foot: The Story of Christy Brown er ein irsk film frå 1989 med Daniel Day-Lewis. Det er ein delvis fiksjonsfilm og delvis biografisk film som fortel historia om ein mann fødd med cerebral parese.

Christy Brown vaks opp i ein arbeidarklassefamilie, men enda opp som kunstnar og forfattar. Og han gjorde alt med den venstre foten sin.

My Left Foot: The Story of Christy Brown handlar om kva som kan bli oppnådd med sterk vilje og litt støtte. Men det er ikkje berre ei lykkeleg historie. Brown blir forelska i ei kvinne som allereie er trulova, og denne delen av filmen viser tunge stunder og motbør i nesten større grad enn dei fysiske hindra hans.

Det er ein god film, men han er ikkje feilfri. Har eg eit problem med han så er det forteljarstilen og strukturen, som eg har så altfor god kjennskap til at det blir litt kjedeleg. Litt banalt kan eg kalle dette ein typisk Oscar-film, ein type seriøs film som for all del er godt laga, men er litt for typisk og trygg, og som gjerne vil vinne Oscar-prisar. My Left Foot: The Story of Christy Brown vann to.

My Left Foot: The Story of Christy Brown 1989 plakat - Filmdagbok