My Name Is Earl (2005–2009)

Serie / 25. november 2012
3/5

My Name Is Earl var ein av dei få seriane eg i 2006 så fram til å sjå før serien var starta å gå. Som regel pleidde eg å sjekke ut ein serie før eg tenkte stort om han. Grunnen til at eg så fram til denne komedien var Jason Lee skulle spele hovudrolla. Og at Ethan Suplee var med på laget. Og at det var ein komedie on location utanfor ein storby, som ikkje hovudsakleg handla om kjærleik eller forhold.

Etter å ha sett piloten, var vonene mine innfridd. Og det gode inntrykket mitt var på plass heile første sesong. Trass enkel humor, som av og til kan bli litt for enkel til og med for meg, så held serien en god standard. I blant overraska han med historier som er tvers igjennom idiotiske, men enn så geniale.

Skodespelarane har eg ingenting å sei på, negativt sett. Jaime Pressly er ikkje den dyktigaste, men passar godt som blond, dum, sta og veldig pen redneck. Lee og Suplee har tydeleg erfaring frå større filmar, og passar ganske godt som brør. Og det er heller ikkje vanskeleg å legge merke til at dei har det morosamt å spele i rollene sine, noko som gir meg et godt inntrykk.

Med lista til Earl, som inneheld stort sett det meste av gale han har gjort og som han prøver å rette på igjen, hadde serien potensiale for å holde på ei stund. Så sant publikum hadde interesse, og sjåartala blei til inntening.

Det flotte er at lista hans ikkje blir følgd slavisk med et punkt per episode. Det varierer i korleis problema blir konfrontert, og kor mange feil han prøver å rette opp om gangen. Av og til møter problema på han, og det kan hende han kjem på ting undervegs. Variasjonen her bidrar til å holde serien frisk, noko variasjonen av korleis rollefigurane blir presentert for oss gjer.

Utover i andre sesong mist eg litt av interessa likevel. Det blei for mykje repetisjon, og eg gløymte rett og slett serien inntil i år, fem år etter. Da hasta eg gjennom resten, som eg med ferske auge ser på som ein heilt kurant komedie, ikkje meir.

My Name Is Earl 2005-2009 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

NBC

Skapar

Gregory Thomas Garcia

Skodespelarar

Jason Lee, Ethan Suplee, Jaime Pressly, Nadine Velazquez, Eddie Steeples, Louis T. Moyle, Trey Carlisle, Noah Crawford, Dale Dickey, Gregg Binkley

Sjanger

Komedie

Land

USA

IMDb

IMDb-side om My Name Is Earl

Forfattar