My Sassy Girl

My Sassy Girl er ei amerikansk nyinnspeling av den sør koreanske filmen Yeopgijeogin geunyeo. Det er nokon år sidan eg så han, men eg hugsar han som ein god film.

Faktisk hugsar eg han som ein betre film enn My Sassy Girl. Men ei nøye samanlikning kan ikkje minnet mitt bidra til.

Elisha Cuthbert og Jesse Bradford spelar hovudrollene. Dei møtes tilfeldig fleire gonger, før dei innleiar eit vennskap. Ho er noko sprø og hersar med han, og av ukjente årsaker tar han i mot hersinga, sjølv om han ikkje ser ut til å like det.

Lenge kan du lure på kor dette vil gå. Filmen er ei rekke innslag som prøver å sjarmere med sin eigen stil og ein spissfindig humor. Her lykkast ikkje filmen godt nok. Filmskaparen tørr ikkje ta det langt nok. Eg er lenge i tvil om dette er ein god film, sjølv om eg likar samspelet mellom Elisha Cuthbert og Jesse Bradford.

Så når filmen det som kan bli kalla andre akt. Her blir mykje forklart, og det veg opp noko og blir betre. Det er dessverre litt for seint, og eg sit allereie med opplevinga av å ha kjeda meg noko.

Anbefalinga fell difor på at du heller kan sjå Yeopgijeogin geunyeo, som treff betre på det å ha sin eigen stil.

My Sassy Girl 2008 plakat - Filmdagbok