My Science Project

Ein UFO blir funne av amerikansk militære i 1957. Motoren til UFO-en blir gøymt, og funne igjen av bilfanatikaren Michael og sympatidaten hans som er bokormen Ellie, medan dei jaktar på eit originalt skuleprosjekt, 30 år seinare. Dei ekstreme kreftene til motoren gir grunnlag for ein film som etter kvart blir ei eventyrleg blanding av tidsskrift, komedie og tenåringsromantikk. Minst av det siste.

Dennis Hopper dukkar opp som hippieveteran og gir ekstra underhaldningsverdi. Like fullt underhaldande er spesialeffektane som er prega av 1980-talet på den herlege måten. Filmen sit inne med nok slaurefaktor til aldri å bli ein slitsam affære, men blir uhøgtideleg gøy.

My Science Project 1985 plakat - Filmdagbok