Naissance des pieuvres

I denne franske oppvekstfilmen møter me 15-åringen Marie. Marie har vorte interessert i Floriane, kapteinen på synkronsymjelaget. Ho gjer alt for å verta venninne med Floriane, men har det vanskelegare å uttrykkja kjenslene sine forbi eit platonisk vennskap.

Naissance des pieuvres er den typen film der lite i grunn skjer. Me følger Marie, Floriane og ein tredje tenåring, Anne – venninna til Marie. Det er ungdom og kjærleik, fortviling og spenning. Naissance des pieuvres gjer ikkje ei stor greie ut av legninga til Marie. Floriane som svevar på ei sky av popularitet er ho som er vanskeleg å definera, og som vert den meste interessante karakteren.

Det er spenninga som held filmen gåande. Både mellom Marie og Floriane og den generelle spenninga i å venta på konsekvensane av tinga ungdommane finn på. Utover dette er ikkje Naissance des pieuvres meir enn det som kallast grei tidtrøyte.

Naissance des pieuvres 2007 plakat - Filmdagbok