Naked Gun 33 1/3: The Final Insult

Film · 1994 · · 31. mai 2016
3/5

Den tredje og siste The Naked Gun-filmen er Naked Gun 33 1/3: The Final Insult. Han kom i 1994, hadde Leslie Nielsen i hovudrolla, og består av den same type komedie som sine forgjengarar.

Leslie Nielsen spelar ein inkompetent politimann, som trass i sin håplause veremåte får resultat. I denne filmen blir først avsluttinga hans som pensjonist feira, med over 4000 drap bak seg. Før historia ikkje lenger etter trekk han inn igjen i nok ein stor sak.

Alt skal bli tulla med her. Har du sett Airplane! eller andre Jim Abrahams eller David Zucker-filmar, så veit du kva du får. I panoreringer med kamera eller bakgrunnen skjer det oftast noko tull som verkar stikk i strid med det seriøse poenget som på liksom skal bli fortalt.

Det er morosamt, men det er ingen stor filmkunst. Utan å samanlikne for mykje med The Naked Gun: From the Files of Police Squad!, så er nok dette både i same bane, men kanskje ikkje like friskt.

Naked Gun 33 1/3: The Final Insult 1994 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Leslie NielsenPriscilla PresleyGeorge Kennedy (I)Vis alle

Sjangrar

Land