Naked Lunch

Film · 1991 · · 1. januar 2007
3/5

Naked Lunch er ein film om narkotika, insekt og snakkande skrivemaskiner. Det høyres kanskje ikkje så dumt ut. Eg vil heller ikkje sei at dette er ein dårleg film, men for min eigen del går han litt for langt. I den mystiske retninga vel og merke.

Handlinga er som følger: Insektsutryddar og eksnarkoman Bill Lee (Peter Weller) fell for freistinga av å prøve giftmiddelet han sprøytar med, og hamnar tilbake på køyret. Cirka her mista eg grepet om kva som var ekte, og kva som var forårsaka av narkotikaen. Men Lee hamnar tydelegvis inn i ei biseksuell historie av ei fantasiverd og ein organisasjon som produserer narkotika av insekt.

All uvissa om kva filmen gjekk mot gjorde at eg ikkje fekk nok grep på denne til å leve meg inn i historia. Men det tekniske vitnar om en gjennomført film, og det jazza lydsporet sette meg i god stemning. Det er forresten Howard Shore som står bak det her og, som i dei aller fleste filmane til David Cronenberg. Trass i kvaliteten, denne forsvinn bak ryggen på dei to førre filmane til David Cronenberg.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Naked Lunch 1991 plakat - Filmdagbok