Narcos

Serie
2015–2017
3/5

Netflix si filmatisering av ei historie basert på livet til narkotikasmuglaren Pablo Escobar er ei valdeleg og eksotisk framstilling. Me har her med ein av dei farlegaste mennene i verda å gjere, og får i løpet av serien sett korleis åra såg ut i Colombia frå hans tidlege dagar av og framover. Både frå utsida og innsida.

Serien baserer seg altså på livet til ein ekte person, men er til sjuande og sist forma og fortalt som fiksjon. Dette er problematisk om du prøver å få noko sannferdig ut av serien, men uproblematisk om du ønsker underhaldning. Eg tykkjer det er uproblematisk.

Eg prøver å finne ut om serien vil formidle eit overordna poeng, men ser ikkje at han oppnår dette. Her er det ingen heltar, berre skurkar og folk som handlar feil. Nokon er opplagte skurkar, andre utfører simpelt hen skadelege handlingar i mindre grad.

Men som eg var inne på i første avsnitt, så er dette eksotisk. Både i form av Colombia som miljøet til handlinga, og i karakterar og historie. Og at eg sjeldan har sett noko som går så djupt inn i forteljinga om kriminalitet i Sør-Amerika på velprodusert vis. Det blir difor ekstra interessant for meg som til vanleg har sett mest på amerikanske seriar som går føre seg i USA.

Narcos 2015-2017 plakat - Filmdagbok

Publisert

17. oktober 2017 av

Merkelapp

Netflix

Skaparar

Carlo Bernard, Chris Brancato, Doug Miro

Skodespelarar

Pedro Pascal, Wagner Moura, Boyd Holbrook, Alberto Ammann, Paulina Gaitan, Juan Murcia, Jorge Monterrosa, Damián Alcázar, Francisco Denis (III), Raúl MéndezVis alle 424 skodespelarar

Sjangrar

Biografi, Krim, Drama, Thriller

Land

USA, Colombia, Mexico

IMDb

IMDb-side om Narcos