National Lampoon's Christmas Vacation

Kvart år kjem det nye, gamle julefilmar til overflata som eg ikkje har fått sett før. No er det godt mogleg eg har sett delar av denne, men aldri heile. National Lampoon hentar fram familien Griswold med Chevy Chase i farsrolla til nok ein kaosfylt ferie.

National Lampoon's Christmas Vacation er den tredje filmen av totalt fire Vacation-filmar og den første der familien ferierer heime. Clark Griswold har store planar om den perfekte julefeiringa og inviterer både foreldre og svigerforeldre. Naturlegvis er det duka for katastrofe.

Julestemninga er flott fanga og det er fin moro her, heilt overtydt vert eg likevel ikkje. Trass i fin moro vert det i svært mange tilfelle altfor enkelt og uskuldig barnsleg for smaken min – utan at National Lampoon's Christmas Vacation på nokon måte går over i bås med dei dårlege National Lampoon-filmane.

Som med Bad Santa trur eg likevel denne fint kan sjåast igjen.

National Lampoon's Christmas Vacation 1989 plakat - Filmdagbok