Naughty & Nice

Film · 2014 · · 23. desember 2015
3/5

Ei radiostjerne i Los Angeles hamnar i bråk, og har ein klausul i kontrakten som gjer at eigarane kan omplassere han til ein liten by i Colorado. Der vert han medvert til ei ung kvinne med eit radioprogram som tilbyr hjelp til kjærleiks- og forholdsspørsmål.

Mannen (Tilky Jones) er motvillig til situasjonen først, men blir fort sjarmert av kvinna (Haylie Duff). Søt musikk oppstår på sikt, men ikkje utan komplikasjonar som følger.

Temaet for valet av julefilmane i år er filmar laga for tv og rett på video. Stort sett er dette billege produksjonar, relativt til den typiske spelefilmen for kino. Historiene byr sjeldan på noko originalt eller fantatisk. Målet er gjerne å gjere ein ting med enkle metodar, som å røre, hygge, romantisere eller liknande. Naughty & Nice passar godt inn her.

Haylie Duff er ein av dei typiske tv-filmstjernene du ser igjen om du startar på prosjekt tilsvarande det å sjå julefilmar laga for tv og rett på video. Ho har sin sjarm også i Naughty & Nice, og den utstrålinga og ein slags jordnær kvalitet som gjer dette smakeleg. Utover det fortener vel ikkje filmen stort betre med godord enn at det er underhaldning i si oppskriftsfølgjande utføring.

IMDb-logo
Naughty & Nice 2014 plakat - Filmdagbok