Never Been Kissed

Film · 1999 · · 9. juli 2014
3/5

Never Been Kissed er ein tenåringsfilm med ein 25-åring i hovudrolla. Drew Barrymore spelar ein tekstforfattar som ønsker å vere journalist, og som får moglegheita til å gå under dekke for å skrive om ungdommar.

Det svake leddet i filmen er Drew Barrymore. Utan å peike finger på årsaka til at ho er det, så er karakteren hennar i filmen overdrive i alle retningar. Det handlar om smak, og for meg blir oppførselen hennar på kanten til flau og er stort sett lite truverdig. Og heller ikkje morosam. Det står ikkje i stil med komedien i resten av filmen, eller til dei mellommenneskelege forholda som spirer.

Trass i at dette plagar meg så fungerer filmen godt på mykje anna. Det er nok av god, men enkel komedie, etter forventingane å dømme. Filmen har dessutan ei fornuftig oppbygging på gang, med under dekke-greia, og ei slags utvikling av både karakteren og dermed historia rundt. Ingenting overraskar, men eit par gode poeng blir tatt på kornet.

Never Been Kissed er ein typisk grei komedie. Han kjedar ikkje, men er heller ikkje til å anbefale i særleg grad. Til det finst det for mange gode komediar.

Never Been Kissed 1999 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Drew Barrymore (I)David ArquetteMichael VartanVis alle

Sjangrar

Land