New Girl

Serie · 2011–2018 · · 22. august 2018
3/5

Sju sesongar har New Girl rulla over skjermane. Langt lenger enn eg hadde trudd etter første sesong.

Årsaka til at eg ikkje hadde trua på nokon langtlevande serie var at dette er ein sjarmerande og rar serie. Så rar at eg var skeptisk til om det hadde stort nok publikum. Dessutan var ikkje serien heilt klar på kva retning han skulle ta etter første sesong.

Men serien har både halde på stilen og samtidig gått forbi det rare til å bli noko solid. Sjølv om dei forventa forholda fort blei gjort unna, så har serien teke steget vidare med like interessante historier.

New Girl har altså både vakse og halde på sjarmen, og er like morosam i dei siste sesongane som dei tidlegare. Det kan ikkje seiast om alle tv-komediar. På nokon område er serien betre mot slutten enn tidlegare. Eg har meir sansen for karakterane mot slutten enn i byrjinga.

Les fleire meldingar på filterfilmogtv.no og vielskerserier.dk.
New Girl 2011-2018 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Zooey DeschanelJake Johnson (XVI)Max GreenfieldVis alle

Sjanger

Land