New York Stories

New York Stories er samansett av tre kortfilmar frå eminente regissørar som Woody Allen, Francis Ford Coppola og Martin Scorsese.

Kvaliteten i desse tre 40 minuttar lange kortfilmane varierer stort. Den første er Life Lesson av Martin Scorsese. Her spelar Nick Nolte ein mann i ein film om tiltrekking, sjalusi og litt sånt. Dette er på nivå av kva du kan forvente av Martin Scorsese.

Den andre filmen er Life Without Zoë av Francis Ford Coppola. Kva kan eg si om han anna enn at det er ein svak sak, om ei passe uinteressant historie lagt til eit hotell.

Woody Allen rundar det heile av med Oedipus Wrecks. Dette er ein god og komisk film, og kva du kan forvente av Woody Allen. Eg synest ikkje helt det blir den same innsatsen som i hans langfilmar. Men det er ikkje langt unna. Uansett varierer langfilmane hans, så dette er betre enn noko av det dårlegaste han har laga der. Det handlar i hovudsak om ein fyr og den kritiske mora hans. Woody Allen spelar i lag med blant andre Mia Farrow i denne.

Om du har sansen for Martin Scorsese eller Woody Allen kan du ha glede av denne. Men om du ønsker å sjå han fordi Francis Ford Coppola bidrar, så blir du nok skuffa.

New York Stories 1989 plakat - Filmdagbok

Publisert

21. januar 2009 av

Regissørar

Woody Allen, Francis Ford Coppola, Martin Scorsese

Manusforfattarar

Richard Price (I), Woody Allen, Francis Ford Coppola, Sofia Coppola

Skodespelarar

Woody Allen, Marvin Chatinover, Mae Questel, Mia Farrow, Molly Regan, Ira Wheeler, Joan Bud, Jessie Keosian, Michael Rizzo, George SchindlerVis alle 91 skodespelarar

Sjangrar

Drama, Komedie, Romantikk

Land

USA

IMDb

IMDb-side om New York Stories