Newlyweds

Edward Burns kan etter kvart seiast å vere ein produktiv filmskapar. Utover 2000-talet kom han med ein film omtrent kvart eit og eit halvt år. Newlyweds er hans tiande film, og er ein dramakomedie med han sjølv og Caitlin FitzGerald i hovudrollene.

Nygifte Buzzy (Edward Burns) og Katie (Caitlin FitzGerald) er sikre på at dei har svaret på eit langt og lykkeleg ekteskap. Dei har ein livsstil og ei implisitt ordning som gjer at dei ikkje vil gå lei kvarandre. Men då ei livleg halvsøster av Buzzy dukkar opp, som Katie ikkje har visst om, blir dynamikken deira sett på prøve. Og etter kvart dukkar det også opp nye eksterne prøvelsar.

Newlyweds har ei tydeleg handling, og legg premissen tydeleg fram i starten. Det som skjer må skje, men det går greit å vite det. Det freista å samanlikne både denne og litt av måten Edward Burns lager film på, med Woody Allen. Filmen handlar om å legge fram det som skjer på ein ryddig måte, utan å bygge på store overraskingar. Det er styrt av dialogane, og det er gjennom samtale mesteparten av utviklinga skjer.

Som fan av Woody Allen er eg også fan av denne type film, ergo set eg pris på kva Newlyweds er. I det eg skriv dette har det gått nokon veker siden eg såg filmen, og eg hugsar han som ei positiv oppleving. Men eit høgdepunkt er han nødvendigvis ikkje.

Newlyweds 2011 plakat - Filmdagbok