Ni liv

29. mars 1943 kom Jan Baalsrud i lag med elleve andre om bord på fiskeskøyta Bratholm til Toftefjord i Troms. 1. juni same året kryssa han med hjelp grensa til Sverige, ingen av kameratane som starta reisa frå Shetland over to månader tidlegare var med.

Filmen Ni liv er basert på boka We die alone av David Howarth. Boka er nok mest kjent som Ni liv i norskoversett utgåve og er trass i alt ei norsk historie, men då altså skildra av ein britisk historikar og forfattar, som interessant nok har skrive meir om Noreg i ettertid av den episke uthaldshistoria som Ni liv er.

Skal eg skildre dette som en bestemt type film freistar det mest å sette han i eventyrsjangeren. Me har ein protagonist med eit mål for ei handling som brått blir hindra og han må sette seg eit nytt mål. Reisa mot dette målet er senteret for filmen og undervegs møter han på nok av hindringar av den skikkeleg seriøse varianten. Til tider så tyngande at eit realistisk mål om å nå fram i live kjennes håplaust.

At eg let meg fascinere av norsk motstandsrøyrsle vil eg få fram. For nokon år sidan las eg boka og ho stod framleis sterkt i minne før eg såg filmen no nyleg. Det var difor ei stor glede å sjå at Ni liv blir fortalt med like stor dramatikk gjennom levande bilde som ord i ei bok. Historia er tydeleg og godt fortalt og filmen kan soleis bli opplevd på ein god måte uavhengig om du har lese boka eller ikkje. Sjølvsagt står det ikkje meg i mot å anbefale boka først som sist. Ho har det med å lime seg fast i hendene dine til du er ferdig med ho.

Men her handlar det altså om filmen, som skal ha skryt for måte han har klart å framheve den viktige historia om Jan Baalsrud framfor alt. Dei hindringane han møtte og det motet han og hjelparane undervegs viste.

Ni liv 1957 plakat - Filmdagbok