Nice Guy Johnny

Tonen i dei nyare filmane til Edward Burns er noko annleis inn i dei tidlegare. Dei ber preg av å vere ledigare, nesten som om dei har eit meir avslappa forhold til tema dei tar opp. Som om Edward Burns har meir kontroll på forteljarmåten, og får brukt meir tid på det tekniske.

Det nærmast ironiske her er at Edward Burns har hatt minimale budsjett på fleire av dei nyaste filmane sine. Nice Guy Johnny kosta knappe 25 000 amerikanske dollar å produsere, og er etter prisen å dømme eit flott stykke arbeid. Hjarte i filmen er som med alle filmane til Edward Burns ei historie om kjærleik, forhold og minst ein snev av snakk om ekteskap.

Johnny (Matt Bush) er radiovert for eit lite sportsprogram. Ei dårleg betalt stilling for eit program i dårleg sendetid. På tur til hans opphavlege heimstad New York for eit jobbintervju til ein jobb han ikkje har spesielt lyst på, blir han med god hjelp frå onkel Terry (Edward Burns) tvinga til eit slags oppgjer med si truloving og sine draumar. Då han og onkelen reiser til The Hamptons møter han Brooke (Kerry Bishé) som stiller han spørsmål som han som ein nice guy ikkje har turt å stille seg sjølv.

Det er ei god historie, og filmen tilfører både litt nytt og litt gammalt. Det er innslag av sommarromanse, men ikkje på ein flagrande og storslått måte. The Hamptons er eit kjent innslag i mang ein film, men det er først med Edward Burns-filmar, og då ikkje minst denne, at eg får eit inntrykk av å vere der.

Matt Bush framstår ikkje som den dyktigaste skodespelaren. Karakteren hans Johnny er god på det vis at han ikkje er framstilt som altfor komisk, men heller ein normal nice guy. Dette er det einaste eg heng meg spesielt opp i mens eg ser Nice Guy Johnny. For sjølv om filmen ikkje finn opp krutet på nytt, styrer han fint unna både kjedeleg og oppbrukt, men har heller god flyt, god stemning, fin historie og fine karakterar.

Nice Guy Johnny 2010 plakat - Filmdagbok