Night at the Museum: Secret of the Tomb

Film · 2014 · · 16. august 2016
2/5

Den tredje og siste filmen i Night at the Museum-trilogien, samlar stort sett dei fleste karakterane frå dei førre filmane, og leverer nok ei enkel historie om museumsgjenstandar som kjem til liv.

Ingen av dei førre filmane overbeviste meg spesielt. Eg investerte lite meir enn tid i filmen, og lét meg styre av lite meir enn å avslutte mitt forhold med filmserien, då eg sette på Night at the Museum: Secret of the Tomb.

Det er ein heilt grei og noko under middels film. Grei som i at han har ein raud tråd som er lett å følge, og eit par små vitsar. Men elles er han ein flat sak, kor Ben Stiller er ein passe anonym figur i hovudrolla.

Etter å ha sett museumsgjengen nok ein gong styre på om natta, denne gongen i eit London-museum, sit eg mest av alt igjen med inntrykk av at dette var ein unødvendig film. Sannsynlegvis innbringande, men utan ein einaste iver frå dei som laga filmen si side til å unytte moglegheita til å lage ein nemneverdig god film.

Forstå meg ikkje feil, det verker som eit stykke velprodusert film, og handlinga er i tråd med sine forgjengarar og dermed akkurat som forventa. Så kritikken min går til ei viss grad mot alle filmane, og korleis ingen av dei har klart å bli ein barnefilm som også er god for vaksne.

Med dette seier eg takk og farvel til Night at the Museum, og håper å heller sjå Ben Stiller i sine sedvanlege gode filmar framover, kor det verker som han har lyst til å spele.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Night at the Museum: Secret of the Tomb 2014 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Ben StillerRobin Williams (I)Owen Wilson (I)Vis alle

Sjangrar