Night at the Museum

Film · 2006 · · 21. februar 2007
2/5

Shawn Levy gir oss kveldsunderhaldning med Ben Stiller i Night at the Museum. Frat pack-komikaren får seg jobb som nattevakt på eit historisk museum der gjenstandane kjem til live på nattetid.

Det er ikkje så mykje å sei om Night at the Museum, det er ein slapp og ganske så rett fram film som verken gir skikkeleg spenning eller nye vendingar. Men så verka han og å vere mest retta mot dei under 15 år.

Blant dei få sidene ved filmen som trekk han opp på eit anstendig mellomnivå finn me Owen Wilson. Han gjer ei lita rolle, bokstaveleg talt, og er så tøff som han pleier. Mislikar du Owen Wilson er det ikkje mykje meir å hente her.

Når eg starta å skrive her tenkte eg at dette var ein heilt grei film, som eg kunne tenke meg å plassere midt på skalaen. No har eg derimot fått tenkt meg om, prøvd å hente fram det som kunne trekke opp filmen, og berre funne ein ting. Så det blir under midten på skalaen denne gongen.

Night at the Museum 2006 plakat - Filmdagbok