Night of the Living Dead

Night of the Living Dead av George A. Romero er den første i regissøren si rekke av Dead-filmar.

Med eit estimert budsjett på 114 000 amerikanske dollar, som er lite, men på ei anna side mykje til å vere debutfilm, laga George A. Romero eit svart-kvitt zombieepos i kjent form.

Opp av nærast ingenting flaumar levande døde. Me blir vitne til at ei gruppe motstridande personar må søke ly i eit forlate hus for å overleve. I ventinga på hjelp pressar stadig kjøtetarane på døra. Dumme val blir tatt for å provosere og engasjere sjåaren på typisk vis.

Du føler deg ganske smart når du ser kor dumme alle andre er. Night of the Living Dead kjennest litt billeg på enkelte punkt, men gjer utruleg mykje ut av det han har. Daudtida midt inni filmen er ikkje til å komme utanom, men stort sett er dette god film.

Night of the Living Dead 1968 plakat - Filmdagbok