Nightcrawler

Ein merkeleg fyr blir fascinert av brutale handlingar då han søker jobb som journalist. I mørke til natta oppsøker han åstader i Los Angeles, og filmar for å gi nyheitene eksklusive og raske oppdateringar på hendingar.

Jake Gyllenhaal briljerer i hovudrolla, og har historia og stemninga i filmen på si side. Lite sette sider på film av Los Angeles er bakteppet for handlingane til journalisten, som etter kvart tar ei vending mot det diskutable.

Nightcrawler er ein film som mange har skrytt over. Så i mitt skryt vil eg påpeike at eg eigentleg ikkje har sansen for måten det mørke og destruktive skal vere fascinerande. Filmen har ingen vinnar, verken i form av karakterar eller fornuftige poeng. Men er likevel sopass solid med gripande forteljarteknikk, visuelle og audiovisuelle grep, godt skodespel og ei særeiga historie at eg ikkje kan unngå å like produktet.

Nightcrawler 2014 plakat - Filmdagbok