Nissene på låven

Nissene på låven er julekalenderen til TVNorge frå 2001, og kanskje ein av dei artigare og betre julekalendrane laga for norsk tv.

Serien kom ut då den moderne realityserien som konsept ikkje var så gammal, og er ein parodi på denne sjangeren. Ei gruppe menneske er på ein låve og skal gjere nissete ting. Kvar episode blir ein person stemt ut, og igjen skal den beste nissen stå. Eg avslører like greit at den verste av dei er igjen til slutt, som er nissen spelt av Atle Antonsen som blir stemt ut i fleirtalet av episodane.

Dette er ein gøy serie med fleire artige norske komikarar, og er også fin å sjå igjen fleire år etter, som er det eg har gjort no.

Nissene på låven 2001 plakat - Filmdagbok