No Country for Old Men

Joel Coen og Ethan Coen har samla mellom anna Tommy Lee Jones og Josh Brolin for denne brutale skildringa av dei skitne sidene til Texas. Ei historie som vanskeleg let seg bli oppsummert blandar inn pengar og ein uheldig finnar, ein psykopat, politimannen som ser ut til å ha opplevd verre før, støv og blod.

Miljøet som er Texas i form av ein småby og storslått ørken, og rollefigurar, utgjer til tider ein veldig bra film. Med ekstra trykk på ordet film, då det ikkje verka å vere lagt vekt på ei skildring av tankar og indre psyke så mykje som at ting skjer. Noko eg er redd eg kan ta frykteleg feil ved å påstå.

Det er gitt utløp for mange originale idear i No Country for Old Men, der du med vilje blir ført bak lyset av Joel Coen og Ethan Coen.

Det siste kvarteret eller så raknar det dessverre litt. Den gode strukturen går i oppløysing og ei rekke forsøk på å gjere opp trådane snublar litt i seg sjølv. Som med Crash er det her nokon scener som får det til å gå kaldt oppover ryggen på meg, psykopaten sjølv (Javier Bardem) er direkte skummel og ei fin framstilling av det vonde.

No Country for Old Men 2007 plakat - Filmdagbok