No Escape

I det ein amerikansk familie når eit land i Sørøst-Asia på grense til Vietnam, der faren (Owen Wilson) skal starte i ny jobb, bryt det ut opprør i byen.

Brått er familien med far, mor (Lake Bell) og to døtrer midt oppi den mest blodige situasjonen. Og dei er også blitt eit mål. Selskapet som mannen skulle starte å arbeide for er eit av måla i opprøret.

No Escape er ein intens og i blant overdriven film som tar oss med gjennom flukta og timane etter starten til opprøret. Den er stort sett spennande heile vegen, så min største kritikk vil vere at det går for langt i blant. Der han hadde vore tent med meir realisme. Eit par stunder med mange vitsar trekk også ned i det som er ein alvorleg situasjon.

Men så er No Escape først og fremst lett om enn blodig underhalding. At filmen ikkje går i sensurfella og skal skjule blod og slikt får han skryt for. For på andre måtar så framstår dette som ein meir typisk hovudstraumsak. Behovet for det dryge er altså nødvendig.

Eg har altså blanda kjensler for No Escape, men dei negative er stort sett små. Totalt sett er dette ei god filmoppleving, viss største minus er at han tyr til enkle grep for å spele på nettopp kjensler. Eg vil skyte inn her at filmen også styrer unna ein del andre enkle og forventa grep, som eg legg merke til med positiv innstilling.

No Escape 2015 plakat - Filmdagbok