No Heroics

Serie · 2008–2009 · · 27. juli 2010
3/5

No Heroics er ein britisk komiserie på korte seks episodar, om ein gjeng superheltar i eit moderne London kor superheltar er kvardagsleg.

Dette betyr at dei har same problem som alle andre, og utfører mange daglegdagse gjeremål. Dei må betale spesielle skattar for å vere superheltar, dei hjelp folk med å bere matvarer. Alt saman blir utført i klassiske superheltekostymer.

Det har sin sjarm å sjå korleis livet til en superhelt kunne ha vore, men forbi det innleiande komiske momentet med dette poenget, så dabbar det heile av litt. At det vart med ein sesong er difor like greit.

No Heroics 2008-2009 plakat - Filmdagbok