Nobody Walks

John Krasinski og Olivia Thirlby møtes i denne filmen gjennom eit lydprosjekt. Jobbforholdet utviklar seg til ein kortvarig affære.

Nobody Walks handlar om lite. Det skjer berre det som blir skrive over. Det meste av resten av filmen handlar berre om stemninga til filmen. Ei stund er det forlokkande, i lengda er det kjedeleg og middelmåtig.

Olivia Thirlby er lyspunktet i filmen i ei rolle som me berre får eit lite innblikk i. Men som eg ville ha sett meir til. Me får ikkje vite kva som driv ho eller kven ho er. Verken John Krasinski eller Rosemarie DeWitt byr på karakterar av same interesse.

Nobody Walks 2012 plakat - Filmdagbok