Noel

Ikkje alle har det like kjekt til jul, mange er åleine og fleire har samlivsproblem som bles ekstra opp når det er meininga at dei skal ha det bra. Noel tar for seg eit lite utval av slike skjebnar, og gir dei håp i desse mørke tidene.

Ingen her leverer roller verdt å bli Oscar-nominert for, men alle solide nok til det filmen gir av forventingar. Av desse er det rolla til Susan Sarandon som blir den eg knyter meg mest til då ho utan å oversjå dei andre sine problem, er ho som fortener mest.

Moglegheita til å lett knyte seg til og spele på sterke sympatiske trekk i karakterane gjer at det er lett å bli rørt av filmen. Men det er ikkje til å nekte for at filmen ligg på kanten til å bli for sentimental. Ikkje alt er lett å like, og noko moderne juleklassikar er det ikkje snakk om.

Noel er fin å sette på viss du vil ha eit godt og seriøst drama, men ikkje er ute etter tragiske juleforteljingar som drar deg under. Han rundar av på fint vis, og det er det.

Noel 2004 plakat - Filmdagbok