Nokas

Film · 2010 · · 9. november 2010
3/5

Det finst dei som er opptekne av at ein film basert på ei sann hending er så korrekt som mogleg, og dei som ikkje bryr seg så mykje. Eg høyrer til den siste gruppa.

For meg har det meste av snakket om Nokas gått meg hus forbi. Eg har verken engasjert meg i saka i avisene eller brydd meg særleg mykje om prosessen i skapinga av filmen. Eg er av den oppfatninga at ein film skal kunne bli forstått av alle. Det inneber ikkje nødvendigvis at filmen skal ramse opp all informasjon frå det verkelege Nokas-ranet, men at han skal tilpasse seg filmformatet.

For meg betyr ei filmatisering av noko at filmen skal kunne ta seg fridomar som gjer filmen betre som film. Likevel om det endrar hendinga filmen er basert på. Det sagt, ein god film kan òg vere en tilnærma korrekt framstilling av verkelegheita, så lenge filmen blir god.

Det eg hadde høyrt om Nokas, var at han hadde fått kritikk frå enkelte hald fordi han overdreiv bruken av action. Forventingane mine auka grunna dette, og eg såg for meg Nokas som meir enn ei traust attforteljing.

For å komme til poenget, så er Nokas ein spennande film. Det er høgt tempo, han heng seg ikkje opp i detaljar, det er skyting og dramatikk. Om alt er sant betyr ingen ting, for dette er område filmen lykkast på.

Går eg nøyare innpå ser eg fort at filmen manglar dei gode karakterane. Han har heller ekte menneske, og for å unngå mistforståing, ikkje dårlege prestasjonar av dei mange ukjente ansikta. Filmen støttar seg på hendinga. Bruken av tekstplakatar i byrjinga og på slutten for å pakke inn hendinga er om enn litt for enkelt utført etter min smak, men effektivt nok til formålet sitt.

Det Nokas først og fremst er, er ein spenningsfilm og ei forenkling av ei skildring av eit ran. Av det eg forventar av ein fullverdig spelefilm manglar noko for å gjere dette til ei fullkommen filmoppleving. Men eg har lite å utsetje på det som er gjort.

Nokas 2010 plakat - Filmdagbok