Nord

Film · 2009 · · 24. april 2010
4/5

Skal du først kalle ein film norsk, så kan Nord fungere godt som eksempel: Nasjonalromantisk i framstillinga av prangande, norsk vinternatur, og noko sår innvendig.

Jomar Henriksen (Anders Baasmo Christiansen) har det ikkje heilt godt med seg. Han drikk og gir faen, og har mest lyst til å vere innlagt på psykiatrisk. Dette før han får vite det han får vite, og legg ut på ei reise med snøscooteren sin, nordover. Undervegs, som er det sjølve filmen handlar om, møter han nokon interessante menneske, i kjent bilturfilmstil.

Bortsett frå det teknisk filmatiske, som er praktfullt på alle måtar, er Nord litt tona ned, som for å spegle sinnet til protagonisten. Dette er ikkje eit nytt grep, men eit som er upåklageleg i bruken sin. Det er å føretrekke i bilturfilmar, før filmar som prøve å toppe kvart nye stoppestad med drygare møte enn førre. Nord prøve aldri for hardt å vere morosam, og lykkast godt med det.

Skulle eg trekke nokon parallellar til anna norsk film, må det bli Den brysomme mannen. Desse to filmane har det same auge for flott kinematografi, og protagonistane kan minne litt om kvarandre, då dei ikkje har det heilt godt der dei er i livet. Samtidig er begge filmane komediar, bygd på relativt seriøse premiss.

Nord 2009 plakat - Filmdagbok