Nordkalotten 365: Et år på tur med Lars Monsen

Serie
2007–2008
3/5

Lars Monsen, ein av dei mest populære friluftsmenneska i Noreg, turguru, forfattar av naturbøker og så mykje meir. I Nordkalotten 365 skal han vere eit år i naturomgivnadene i nord. Åtte program er delt opp i åtte turar, så det handlar ikkje om å vere åleine og isolert frå sambuar og forsyningar nødvendigvis. Her er små smakebitar frå kva episodane kan by på:

1: Anárjohka. Lars Monsen set seg i kanoen og padlar i grenseområda til Noreg og Finland, han reiser på elgjakt og får eit inntrykk av nordnorsk jegerkultur.

2: Pasvikdalen og tidleg vinter. Snøen byrjar så smått å legge seg tynt over bakken. Lars Monsen går til fots med den relativt unge kløvhunden Foss. Bjørnerikt område, sjølv om møta uteblir.

3: Det er juletider i Lappland og mørketida gjer at dagane må nyttast godt. Det blir mykje soving på Lars Monsen.

4: Med hundane til sambuaren set Lars Monsen ut på det krevjande Finnmarksløpet. 1000 km skal tilbakeleggast og det skal bli lite søvn på både førar og hundar.

5: Hund og ski er bytta ut med snøscooter då Lars Monsen blir med på reinflytting. Våren nærma seg og reinsdyra skal bli flytta frå fjell til fjord.

6: Siste pust frå kong Vinter blir til vår. Lars Monsen set ut på tur med kamerat og sambuar, før han held fram åleine med hunden Foss og kano. Han fiskar, besøker ein nasjonalpark og lev villmarklivet.

7: Våren er i fullt køyr. Lars Monsen reiser på fjellfiske med ein annan kamerat og besøker folk som driv med gullvasking i Lemmenjok.

8: Kanotur utan tvil. Lars Monsen og hunden Foss storkosar seg i tilnærma urørt natur nord i Finland. Han padlar på Enaresjøen og fiskar så det held til både frukost, lunsj, middag og kvelds.

Nordkalotten 365: Et år på tur med Lars Monsen 2007-2008 plakat - Filmdagbok