Norges tøffeste

Serie · 2013–2021 · · 11. april 2021
4/5

Eg har sett tredje sesong av Norges tøffeste. Dette er deltakarane i den sesongen: Maiken Aannerud, Iselin Brogeland, Isak Dreyer, Julie Jespersen Hansen, Seher Kaya, Martin Lilleberg, Peter Nagell Strandos, Victoria Eikremsvik Tolaas, Truls Torp og Sebastian Stadheim Width. Programleiar var Jørgine Massa Vasstrand.

Norges tøffeste er ein konkurranseserie på NRK, kor ei gjeng unge menneske skal kjempe i fysisk og psykisk krevjande konkurransar. Han som står att til slutt blir kåra til å vere Noregs tøffaste.

Dette er ein intensiv serie som er god på å spegle dei harde kåra rundt konkurransane. Samtidig var det, iallfall i tredje sesong som eg såg, likandes personar å følgje. Opphaldet verkar ikkje å vere lenge, men eg kan likevel sjå ei forandring i haldninga dei har frå dei kjem inn til dei forlet serien. Sannsynlegvis hjulpe av redigeringen i ettertid, men likevel eit interessant tillegg til dei fysiske øvingane.

Ein god serie med tanke på konkurransane. Elles heilt grei med tanke på fyllet i mellom konkurransane.

Dette blogginnlegget har blitt nemnt på www.instagram.com. Gå dit for å like eller kommentere det.
IMDb-logo
TV Time-logo
Filmfront-logo
Norges tøffeste 2013-2021 plakat - Filmdagbok