Norman

Ein ung gut har ein far som har kreft og snart vil dø. Ein dag seier han på skulen at han sjølv har kreft. Dette fører til ei form for popularitet når ordet spreiar seg, og det blir vanskeleg for han å avkrefte det som løgn.

Norman er altså ein typisk film som byggjer på forviklingar som utviklar seg etter at ei unødvendig løgn blir ytra. For her er det snakk om at positive ting var i ferd med å skje til og med før guten sa at han var sjuk.

Eg var ikkje i rett stemning for Norman når eg såg han. Dette er den type film der det korte handlingsreferatet som skal få deg til å sjå filmen, er nok til å gi deg eit inntrykk av kva heile filmen har å by på. Og det er i tillegg den type film du ventar på slutten på, mens handlinga før ikkje akkurat er så spennande.

Likevel har Norman nokon små greier for seg. Han er flink til å dosere innhaldet på ein sånn måte at sjølv om lite skjer, så skjer det akkurat nok til å halde på merksemda mi. Keisemd som er ein av dei største fiendane i filmar, i periodar eg ser ein del film, dukkar sjeldan opp før innspurten her.

Eg tenker også at det er ein fin ting som er gjort her, ved at lite blir tatt til det ytste. Vinklinga på situasjonen til guten i hovudrolla er at det skal verke plausibelt. Litt av humoren eg skulle ønske at filmen hadde, mangla i denne smått tona ned skildringa, men samtidig gjorde det sitt for at alvoret sette større preg. Norman er også fin på framstillinga av enkelte forhold mellom karakterane, og framstår som meir ekte enn eg hadde forventa at han skulle.

Totalt sett klokkar filmen inn på over middels, på eit greitt nivå. Inga direkte anbefaling, men kurant tidsfordriv.

Norman 2010 plakat - Filmdagbok