Norsk-ish

Norsk-ish er ein norsk dramaserie frå NRK om hovudsakleg tre unge vaksne med beina innanfor i fleire kulturar. Nokon prøver å vere seg sjølv, og samtidig ta hensyn til foreldrene. Mens å ha kjæraste med annan kulturell bakgrunn kan vere vanskeleg for ein annan.

Problema står i kø her. Og serien som foreløpig er åtte episodar lang er god på å setje søkelyset på dei mange situasjonane, både enkle og meir kompliserte. I botnen er dette godt skrive drama, og på overflata er det eit innblikk i moglege kvardagar.

Første sesong tek for seg ein god del ulike tema, så eg er spent på om ein ny sesong viss han kjem, vil evne å vere like rik på nye situasjonar. Men uansett så er dette ein god serie fram til no, som du fint kan setje av litt tid til utan å angre.

Norsk-ish 2020 plakat - Filmdagbok