Norske byggeklosser

Film · 2018 · · 6. desember 2020
4/5

Norske byggeklosser blei eit tilfeldig val av underhalding på ein laurdagskveld, og er den første filmen på så lenge eg kan hugse at eg har sett på lineær-tv. Dette er ein film som er sterkt inspirert av filmen Norske byggeklosser frå 1972, ein film eg endå har tilgode å sjå.

I hovudrollane som eit ungt par er Ine F. Jansen og Anders Baasmo Christiansen. Dei bur i kjellaren til mora hans, men får sjansen til å flytte ut av eit tilvere med manglande privatliv når ho arvar eit hus på Jessheim. Forøvrig eit oppussingsobjekt. Og det er når oppussinga startar at ting ikkje går som planlagt.

Filmen kan skilte med minst åtte ulike rollatolkingar av Atle Antonsen, og er utover det også ein topp komedie som eg vel å rangere ganske høgt. Han tar situasjonar på kornet, har lett tilgjengeleg humor og byr på gode overraskingar. Eit par stader kan filmen frustrere litt på bakgrunn av idiotisk oppførsel, men han hentar seg fort inn igjen.

Eg gjekk til filmen utan forventingar eller tid til å ha gjort opp nokon tankar om han. Og ut av det kom ei god komisk oppleving, som eg godt kan anbefale vidare.

Norske byggeklosser 2018 plakat - Filmdagbok