North & South

Serie
2004–2004
3/5

I denne britiske serien følger me Margaret Hale, ei ung middelklassekvinne som flyttar frå idylliske sør til industrielle nord. Handlinga skjer på slutten av 1800-talet. Ho skildrar harde kår, men også dei gode sidene til menneske. For det eksisterer ei lyst til å omgi seg med folk som har det godt, og det er ikkje behov å tvinge folk til å hjelpe.

Maragret er dottera til ein prest, som på grunn av sine standpunkt blir pressa ut av kyrkjejobben sin i sørlege Helstone. Dei buset seg i nordlege Milton, og stiftar blant anna kjennskap med eigaren av ein tøyfabrikk som lagar bomullstøy.

På sitt vis viser North & South det harde livet til arbeidarane, og den vanskelege jobben til eigaren. Då arbeidarane streikar for å få ei lønn som eigaren ikkje kan forsvare, går det dårleg for fleire. Streik er eit effektivt verkemiddel som sjeldan bør brukast, og det blir vist her.

North & South er litt treg ei stund. Eg følger halvveges med heilt fram til siste episode, som er ein framifrå konklusjon. Heile mitt gode inntrykk står seg på det som skjer i denne fjerde episoden. Trådane blir samla. Det som har skjedd tidlegare blir snakka om. Ting kjem fram i lyset og ting skjer.

Eg har vanskeleg for å anbefale serien. Til det må ein serie vere meir interessant eller fengjande frå tidleg av. Serien har sine små kvalitetar, og er ein god produksjon, så det handlar mest av alt om mitt forhold til tema, innhald og samansetning. Med kunst og kultur vil dette alltid vere den viktigaste faktoren, mi oppfatning av evna til produktet til å framstille positive verdiar som liv, lykke og individ.

North & South 2004-2004 plakat - Filmdagbok