Northern Exposure

Serie / 1990–1995
4/5

Northern Exposure handlar om livet og røra i den oppdikta småbyen Cicely i Alaska. Joel Fleischman (Rob Morrow) er nyutdanna lege og skal ha praksis for å betale ned studielånet. I den første episoden kjem han til Cicely mot si vilje. Han var innstilt på å ha praksis i Alaska-hovudstaden Anchorage.

Serien gjekk i USA frå 1990–1995 og i Noreg noko seinare. Det byrja som ein kort serie sendt på sommaren i USA, men blei utvida til å få fire lengre haust- og vårsesongar. Gode sjåartal gjorde serien til ein suksess i si tid.

I Cicely møter Joel ymse lokale variantar. Maurice Minnifield (Barry Corbin) er den steinrike NASA-pensjonisten som har eigarskap i halve byen. Maggie O'Connell (Janine Turner) er piloten som Joel alltid kranglar med. Trass i at Joel konstant klagar og ønsker seg heim til New York, blir han ein del av miljøet i Cicely.

Northern Exposure er i starten mest komedie. Joel si mistilpassing byr på god humor. Slik er det stort sett fram til tredje sesong, då episodane blir meir samanhengande. Dramaet får meir plass. Me møter nye karakterar som går igjen i resten av serien.

Det er humoren og miljøet i den koselege småbyen Cicely som gjer at eg likar Northern Exposure. Hadde ikkje serien gått i Noreg er det tvilsamt om eg hadde lagt merke til han. Nostalgien var ein katalysator då eg byrja å sjå serien på nytt i 2006. Men det tok meg heile seks år før eg nådde nokre episodar eg hugsa igjen frå tv.

Serien rører seg òg innpå det overnaturlege for å skape historier. Dette grepet styrer serien bort frå føreseielege vendingar og opnar for mange særeigne episodar. Snodige drøymesekvensar og uklare skilje mellom det ekte og synsbedrag forvirrar på ein god måte. Artig er det å samanlikne drøymesekvensane i dei David Chase-produserte sesongane med dei i The Sopranos.

Om eg skal komme med ein dom basert på det oppstykka og seksårige gjensynet blir det at byrjinga av serien er lettare underhaldning. Det var denne tida under gjensynet som gav meg mest tilbake. Etter kvart har serien bydd på meir drama, men med enklare historiearkar. Med unntak av nokon svake episodar skuffar serien sjeldan.

Det største minuset blir eit tidvis fråvær av Rob Morrow, mannen som spelar Joel. Siste sesong er prega av at han har fått redusert skjermtida si. Dette fordi han slutta åtte episodar før serieavsluttinga. Og alt etter dette gir preg av at serien manglar ein viktig person.

Northern Exposure 1990-1995 plakat - Filmdagbok

Publisert

3. mars 2012 av

Merkelapp

CBS

Skaparar

Joshua Brand, John Falsey

Skodespelarar

Barry Corbin, Janine Turner, John Cullum, Darren E. Burrows, John Corbett, Cynthia Geary, Elaine Miles, Peg Phillips, Rob Morrow, William J. White

Sjangrar

Drama, Fantasi, Komedie

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Northern Exposure