Nosferatu, eine Symphonie des Grauens

Nosferatu, eine Symphonie des Grauens, basert på Dracula av Bram Stoker, er ein av dei store stumfilmklassikarane og eit direkte forbilde til Nosferatu: Phantom der Nacht av Werner Herzog som eg så tidlegare i haust.

Eg har lenge hatt lyst til å sjå Nosferatu, eine Symphonie des Grauens. Dei stumfilmane eg tidlegare har fått sett frå denne periode har alle imponert eller underheldt, men med lange lister over nyare filmar eg har lyst til å sjå er det ofte litt for enkelt å nedprioritere det aller eldste.

Graf Orlok (Max Schreck) har lyst på eit hus utanfor Transylvania, så han kan få lettare tilgang på ferskt blod og unge jenter. Ein medhjelpar i bustadbransjen sende mannen Hutter av garde for å fikse avtalen. Det endar opp med at Orlok pakkar sakene og reiser komfortabelt med sine rotteinfiserte kister for å leve bylivet.

Sjølv om eg har fått historia servert i filmen til Werner Herzog, tilnærma lik – berre med betre flyt, er det kjekt å sjå Nosferatu, eine Symphonie des Grauens på gamlemåten. Tale blir presentert på plakatar, gestar er viktige. Fabelaktig sminke, flotte kulisser og tydeleg foto er med på å bringe meir enn berre historia fram på skjermen. Kvaliteten, sjølv i delvis pussa opp tilstand, må sjåast relativt til alderen. Scener som der me ser Orlok knyter hendene med dei svære klørne treng ikkje andre fakter for å fungere. Dette går igjen i heile filmen: Enkle, billedlege forklaringar i tydeleg klipt rytme driv all handling fram. Ingenting du ikkje har sett brukt i ettertid, men eit godt eksempel på der det har blitt tidlaust og endå fungerer.

Med ny musikk framført av Art Zoyd var det moderne og bråkete jazz som prega lydsporet i mitt tilfelle, det fungerte ikkje like godt heile tida, utan at det vart dårleg på nokon måte. Eit par sekvensar fungerte så godt på bildesida at eg sakna passande musikk. Bortsett frå dette pirket har eg ikkje så mykje å utsette på Nosferatu, eine Symphonie des Grauens. Han innfridde forventningane mine og dempa filmsuget for laurdagskvelden.

Nosferatu, eine Symphonie des Grauens 1922 plakat - Filmdagbok