Not Suitable for Children

Ein fyr får vite at han har testikkelkreft, og vil bli steril etter operasjon. Det går opp for han at han vil ha barn, og at han har kort tid å gjere ei dame gravid på.

Not Suitable for Children handlar om at han skal prøve å få ei dame gravid. Men det er lettare sagt enn gjort. Han er ung, alle vennene hans er unge, og han kjenner ingen som er klar til å få barn.

Eg kan ikkje gå stort vidare utan å røpe detaljar, og dermed røpe gangen. Hadde filmen vore dårleg hadde eg glatt gjort det, men denne australske komedien med smått seriøse sider er i grunn heilt grei. Han har fornøyelege sider ved seg, og navigerer også sjangerblandinga romantisk komedie på ein kurant måte.

Det skjer ikkje stort, og filmen kjennest noko avgrensa innimellom. Det får bli dei største svakheitene til filmen. Med tanke på karakterar og kjemi tykte eg dette fungerer godt, og det er i grunn godt nok for meg.

Ei oppsummering er på sin plass. For ein lett film som Not Suitable for Children handlar det ikkje om å bruke mykje tid på å sette seg inn filmen på førehand. Ergo er ei anbefaling eller det motsette på sin plass. Her vil eg konkludere med at denne er fin som tidtrøyte og delvis som ein sprek film som gir ei god kjensle. Men som ei større greie der mentalt utbytte er eit mål, har denne lite å tilby.

Not Suitable for Children 2012 plakat - Filmdagbok