November (2017)

Film / 21. september 2019
2/5

November var den tredje filmen som blei vist på Katakombefilm 2019 (K14). Ein estisk kunst- og eventyrfilm i svart-kvitt, om fattigdom, trolldom og sjukdom.

Det er mange ord som kan bli brukt til å skildre denne varierte filmen og mi oppleving av han. Eg veit at eg er strengt når eg rangerer filmen 2/5, men det handlar om at eg sleit litt med å engasjere meg trass i alt det spesielle som eg opplevde.

I grove trekk er dette ei kjærleikshistorie. Liina (Rea Lest) er glad i Hans (Jörgen Liik), mens Hans er glad i ei anna jente. Rundt desse karakterane har me skildringar av fattigdom og rikdom i eit samfunn for nokre hundre år sidan. Regissøren har også blanda inn ei historie om svartedauen og overnaturlege eigenskapar. Estetikken i filmen kan samanliknast med både grøssar og kunstnarfilm, om kvarandre.

Det er ikkje mykje om å gjere for at eg kunne ha likt November meir. Eit litt anna tempo og tydlegare vist samanheng så hadde eg vore meir med på dette. Eg har ikkje noko i mot filmar som spelar på symbolikk og vage hint, men eg var ikkje heilt med på det når eg såg November. Eg trur det har å gjere med at førre film i Katakombene var litt langsam mot slutten, og at det smitta over på sinnstilstanden min når eg byrja på November.

November 2017 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

Katakombene

Regi

Rainer Sarnet

Manus

Andrus Kivirähk, Rainer Sarnet

Skodespelarar

Rea Lest, Jörgen Liik, Arvo Kukumägi, Katariina Unt, Taavi Eelmaa, Heino Kalm, Meelis Rämmeld, Dieter Laser, Jette Loona Hermanis, Jaan Tooming

Sjangrar

Drama, Fantasi, Grøssar, Romantikk

Land

Estland, Nederland, Polen

IMDb

IMDb-side om November

Forfattar