Nowhere Girl

Film · 2014 · · 7. mars 2016
2/5

Ein fyr slit etter dama gjorde slutt med han. Dei siste to månadane har han budd hjå eit vennepar. Han har ikkje gått ut døra på den tida. Nowhere Girl tar for seg eit vendepunkt i situasjonen hans, som er i ferd med å bli betre.

Nowhere Girl er ikkje det heilt store. Innpakninga til filmen er ikkje god nok til å skape ei god kjensle. At eg har sett noko liknande dette før hadde ikkje nødvendigvis betydd så mykje, hadde det ikkje vore for at den tafatte stilen til filmen framhevar dei typiske grepa.

Det er også noko med undervurderinga av publikummet. Den innbilte kvinna i raudt hår som fyren vår møter og blir forelska i er ikkje ei overraskande innbilning som filmen prøver å legge opp til. Men blir eit vonbrot i filmskaping. Og som bonuskritikk er også lydkvaliteten håplaus med vrengt lydt.

IMDb-logo
Nowhere Girl 2014 plakat - Filmdagbok