Nu jing cha

Film / 1973
1/5

Felles for dei mange plakatane eg har funne for Nu jing cha, eller Young Tiger, eller Rumble in Hong Kong, er Jackie Chan har ei sentral plasering. Mange av plakatane viser han som om han hadde hovudrolla og at dette var ein wushu-film. Men det stemmer ikkje.

Grunnen til at eg såg filmen, var fordi han låg på Netflix under tittelen Young Tiger og fronta nettopp Jackie Chan. Med litt forarbeide kunne eg ha unngått denne filmen, men eg tok ein sjanse utan det.

Nu jing cha er ein Hongkong-basert action og krim med Charlie Chin i hovudrolla. Han spelar ein taxisjåfør som hamnar midt oppi ein situasjon, då ei kvinne dør i bilen hans. Kriminelle element var ute etter kvinna og ein konvolutt ho hadde, og plagar Charlie Chin i resten av filmen for å få tak i denne konvolutten.

Rolla til Jackie Chan i alt det her, er at han er gjengleiaren til dei kriminelle. Dette er forøvrig den einaste filmen der han spelar skurk, har eg høyrt.

Eg har valt å rangere filmen 1/5, den lågaste rangeringa. Det skjer sjeldan. Grunnen til dette er at filmen rett og slett er elendig. For det første så svarte han ikkje til forventingane mine. Han held låg teknisk standard og er presentert i dårleg kvalitet. Historia er kjedeleg og ubehageleg. Og slåstinga er umotivert og aldri imponerande. Eg hadde mest lyst å slå av filmen, men hadde håp ei stund. Når eg innsåg at det ikkje vil bli betre, var eg komme dit hen at eg like godt kunne fullføre filmen og skrive om han.

Nu jing cha er ein av dei få eldre Jackie Chan-filmane som finst på Netflix i skrivande stund, men ikkje fall for freistinga å sjå han.

Nu jing cha 1973 plakat - Filmdagbok