Obvious Child

Film · 2014 · · 17. november 2014
4/5

Når eg les om uønska graviditet og komedie i same setning, så er det gjerne ein viss idé som dukkar opp. Men det var før eg så denne filmen med Jenny Slate i hovudrolla.

Obvious Child refererer til både den opplagte situasjonen til karakteren Donna Sterns (Jenny Slate), og til hennar eigen veremåte. Ho er komikar som har halde fast på ungdommen, og unngått å ta til seg realiteten i å bli vaksen. Alt dette møter ho no.

For å sei det som det er, Obvious Child er ein herleg film. Mykje takka vera Jenny Slate, men like mykje takka vera behandlinga av temaet. Uønska graviditet kan bli så mykje, og på film er kunsten å halde det realistisk samtidig som morosamt vanskeleg. Dette er ein publikumsvennleg film som eg ikkje får inntrykk av at har inngått kompromiss for å nå dit. Filmen er også dryg og dristig i språk og tone, og dette er eit gullkanta motstykke til den seriøse og vaksne greia som graviditeten er.

Tøff komedie, ektefølte karakterar, og Jenny Slate. Eg har lite meir å sei, men anbefaler denne varmt.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Obvious Child 2014 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Jenny SlatePaul BrigantiGaby Hoffmann (I)Vis alle

Sjangrar

Land