Ocean's Thirteen

Mange år har gått sidan eg såg forgjengaren til Oceans's Thirteen. Nærare elleve år er det siden eg såg Ocean's Twelve. Min motivasjon til å sjå den tredje av filmane til Steven Soderbergh om ein kriminell bande som styrer på i Las Vegas, var å få ei form for avslutting på det som eg hadde starta på.

Filmen handlar om at gjengen som følger George Clooney og Brad Pitt vil hemne seg på ein ussel kasinomogul, spelt av Al Pacino. Han har øydelagt formuen og indirekte helsa til kollegaen og sjefen deira.

Hemna går ut på å sette i gang ei form for komplisert ran. Sannsynlegvis større, betre og nærare umogleg enn det dei har gjort tidlegare. Her sviktar minnet mitt.

Grunnlaget til filmen er altså ei glorifisering av kriminalitet. Ei dårleg nok sak det. Men elles har filmen spenning, nokon dosar humor, litt stil og mange trådar som på finurleg vis blir sydd saman. Ingen stor kunst, og strengt tatt kjennest filmen allereie datert etter ni år, men greitt nok.

Ocean's Thirteen 2007 plakat - Filmdagbok

Publisert

5. august 2016 av

Merkelapp

Ocean's

Regissør

Steven Soderbergh

Manusforfattarar

Brian Koppelman, David Levien, George Clayton Johnson, Jack Golden Russell

Skodespelarar

George Clooney, Brad Pitt, Matt Damon, Michael Mantell, Elliott Gould, Ray Xifo, Al Pacino (I), Adam Lazarre-White, Eddie Jemison, Don CheadleVis alle 144 skodespelarar

Sjangrar

Krim, Thriller

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Ocean's Thirteen