October Kiss

October Kiss er ein trygg og ukomplisert Hallmark-film om eit mellommenneskeleg forhold som berre er nøydd til å utvikle seg til å bli kjærleik.

Ei framleis ung kvinne som ikkje klarar å halde på ein jobb, gir barnepass ein sjanse då ho oppdagar at det er eit talent. Familien ho skal passe på barna for, består av ein gut, ei jente og ein åleinefar som jobbar litt for mykje.

Eg kritiserer sjeldan enkle filmar, men trekk nok ned når det blir for lite friksjon. October Kiss er ein av desse filmane kor alt går til dei grader på skinner til at eventuell spenning uteblir. At det ligg i korta at mannen og kvinna på plakaten endar opp i lag, er gitt. Det er kva som blir gjort ut av vegen dit som er vesentleg.

Sjølv om October Kiss blir rangert lågt, er han ikkje skikkeleg dårleg. Han er berre nokon hakk for lite engasjerande.

October Kiss 2015 plakat - Filmdagbok