Octopussy

Octopussy er ein vanskeleg film å dømme. Han er strengt tatt ikkje så mykje verre enn dei andre James Bond-filmane med Roger Moore. Men samanlikna med andre James Bond-filmar generelt eg har vurdert, er det vanskeleg å ikkje rangere denne hakket svakare. Så det er utgangspunktet mitt for dette innlegget.

Handlinga i Octopussy tar James Bond rundt om kring i austen og Aust-Europa i jakt på smuglarar, drapsmenn og slikt. Ei typisk blanding av mykje rart. Litt for mykje rart. Som når innslag av sirkusnummer tar opp nokon minuttar av speletida til filmen. Då tenkte eg at dette er litt som ei rekke sirkusnummer i seg sjølv.

Eg saknar for eksempel ein tydelegare skurk, og ei handling og ei historie som heng endå betre saman. Det er ikkje sånn at det er komplisert å få taket på det som skjer, men det manglar risiko eller spenning.

I lag med den første tilbakekomsten til Sean Connery som er Diamonds Are Forever, er Octopussy blant dei svake filmane i den offisielle James Bond-filmserien.

Octopussy 1983 plakat - Filmdagbok

Publisert

11. mars 2016 av

Merkelapp

James Bond

Regissør

John Glen (II)

Manusforfattarar

George MacDonald Fraser, Richard Maibaum, Michael G. Wilson, Ian Fleming (I)

Skodespelarar

Roger Moore, Maud Adams, Louis Jourdan, Kristina Wayborn, Kabir Bedi, Steven Berkoff, David Meyer, Tony Meyer, Desmond Llewelyn, Robert BrownVis alle 118 skodespelarar

Sjangrar

Action, Eventyr, Thriller

Land

Storbritannia

IMDb

IMDb-side om Octopussy