Office Christmas Party

Film · 2016 · · 16. desember 2018
2/5

Office Christmas Party er ein frekk julefilm utan god bodskap. Eg lo i blant då filmen evnar å vere ganske dryg mange stader, og eg tykkjer det er kjekt å bli overraska med grenser som blir tøygd.

Historia til filmen er tynn, og mest med for å gi filmen ei plattform til å servere den villaste bedriftsjulefesten på. Filmen minnar meg litt om Project X, der me blir vitne til ein vill fest som tek av, og tek endå meir av, og går forbi alle tenkelege grenser. Office Christmas Party er ikkje så dryg, men har mange av dei same byggjeklossane.

Det eg saknar meir frå filmen enn ei god historie er humor som kjem frå ein god stad. Alt her handlar om øydelegging. Filmen er ikkje så lur, då det ikkje ligg nokon smarte tankar bak vitsane. Og utover å le av nokon av det dryge undervegs, sit eg igjen med ein dårleg smak i munnen.

Office Christmas Party 2016 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Jason Bateman (I)Olivia MunnT.J. MillerVis alle

Sjanger

Land