Office Space

Eit gjensyn med kontorrottene i Initech var eit fint gjensyn. Dette er ein komedie som eg kan sette godt pris på. Ingeniørnerdar på kriminelle avvegar. Idiotiske sjefar og konsulentar. Tronge kontoravlukke og ulykkelege liv. Likskapane til Dilbert er eit par, men Dilbert forblir kontorhumor heile tida, og Office Space tar det nokon hakk lengre.

Det eg kanskje likte best med filmen er måten dei har brukt rap-musikk til å gjere desse pysete mennene i kvit skjorte, slips og svart bukse til tøffe, valdelege skurkar. Og filmen som ein tale for det som skal til for å bli lykkeleg.

Office Space 1999 plakat - Filmdagbok