Old Joy

Old Joy er ein relativt kort film med sine 75 minuttar. Han handlar om to venner som ikkje har vore bestevenner på nokon år grunna jobb, dame og heile greia med å vere vaksen. Kurt er ein av dei og han som inviterer han andre med på skogstur. Kurt heng på sett og vis litt igjen i ungdommen sin kan det verke som, og dette gjer han til ein tragikomisk person og filmen sitt lyspunkt.

No har ikkje filmen det meste av dialog, men heller mange lange og flotte takingar som stadig vekk trekk filmen ned igjen på eit altfor behageleg og roleg nivå etter meir eller mindre trivielle samtalar. Det handlar ikkje om så mykje dette her, og det skjer heller ikkje mykje. Filmen gav likevel kjensle av at noko kom til å skje heile vegen. Om det var meg som innerst inne ønska meir spenning, eller om det var bevisst frå regissøren si side veit eg ikkje.

Med musikk av Yo La Tengo blir det skapt god stemning i filmen, og det er denne eg likar best, til saman med humoren Kurt lagar. Elles er filmen litt for langsam for mitt vedkommande, 75 minuttar er nesten for langt.

Old Joy 2006 plakat - Filmdagbok