Old School

Den andre frat pack-filmen i dag er ikkje så dum. Faktisk er det ein rimeleg god komedie med akkurat den rette porsjonen faenskap av dei 30 år gamle ungdommane Mitch (Luke Wilson), Frank (Will Ferrell) og Bernard (Vince Vaughn).

Plottet går ut på at Mitch må starte opp eit collegebrorskap for å kunne halde fram å bu i det nyleigde huset sitt, enkelt og greit. Ispedd drikke, unge damer og ein rektor i nakken blir me med i ei berg og dalbane av forhold og kampar for tilværet.

Hysterisk morosamt er det dessverre ikkje anna enn eit par plassar, men det meste av filmen får meg til å trekke godt på smilebandet og det er ingen tvil om at Old School leverer det ein komedie i denne sjangeren skal.

Old School 2003 plakat - Filmdagbok

Publisert

18. november 2006 av

Regissør

Todd Phillips

Manusforfattarar

Court Crandall, Todd Phillips, Scot Armstrong

Skodespelarar

Luke Wilson (I), Will Ferrell (I), Vince Vaughn (I), Jeremy Piven, Ellen Pompeo, Juliette Lewis (I), Leah Remini, Perrey Reeves, Craig Kilborn, Elisha CuthbertVis alle 86 skodespelarar

Sjanger

Komedie

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Old School