Oldeuboi

Først av alt, eg har sett filmen før. Med berre få minner frå sist gang eg så filmen, stilte eg med tilnærma blanke ark, og var like forbløffa, fråstøytt og underheldt som eg blei for eit år sidan.

Dae-su Oh blir halde fengsla i 15 år utan å vite av kven eller kvifor.

Når han bli sloppen fri er han sugen på å finne ut kven dei er, og hemne seg. Eg så fram til ein psykotisk Dae-su etter å ha sett filmtraileren, men han er ikkje så skrudd som eg forventa, likevel om han framleis er skrudd. Når det var igjen ein time av filmen fekk eg ei kjensle av at filmen var ferdig, men så plutseleg tok han ei interessant og uventa retning.

Du får så mykje blod, klassisk musikk og seksuelle perversitet i fanget på ein gong, at du ikkje kan nekte for at det har ein verknad på deg når det er blanda i hop. Den klassiske musikken får meg til å tenke på A Clockwork Orange, mens anna musikk gir meg assosiasjonar til noko fransk og romantisk. Eit stort sprang som seier litt om kva musikken hadde å sei for filmen.

Om lag ein og ein halv time ut i filmen, så går tempoet ned, og eg trur filmen er i ferd med å fase ut. Men det då den beste delen kjem.

Oldeuboi 2003 plakat - Filmdagbok