Oliver Twist

Eg vippar mellom å seie at dette er en grei eller bra film, men det blir bra fordi eg er godt fornøgd med skodespelarane, og fordi eg tykkjer at filmen er spennande. Eg har aldri lest Oliver Twist, eller sett nokon andre Oliver Twist-adapsjonar, så alt var nytt for meg.

Eg hadde ingen forventingar, men håpa at filmen var god. Filmen kjeda meg ikkje, han gjekk fort unna, og det er positivt. Dersom ein film går fort, så har eg blitt underheldt. Det stemmer ikkje alltid, men svært ofte. Filmen gav meg likevel ingen inspirasjon, hard hjartebank eller særleg ettertanke.

Oliver Twist 2005 plakat - Filmdagbok